Sjå eiga side om:

Kvernsteinsparken
Gamal kyrkjegard
Den Tronhjemske Postveg
Kvernhusa 
Lihesten
 

- Lihesten 776 m.o.h.

Høgfjellet i havgapet og fylkeskysten sitt mest markante fjell. Lihesten er eit eldorado for fjellglade fotfolk og etterkvart og klatrarar. 

Gjennom tidene har dette særmerkte fjellmassivet i Hyllestad vore eit viktig lande og siglingsmerke; både for barske vikingar på veg heim frå tokt i vesterled og fiskaran i småbåt.

for folk i Hyllestad kommune er Lihesten eit samlande symbol, med noko trolsk og mystisk men likevel tiltrekkjande ved seg. Sjølve toppunktet vert kalla gygrekjeften og dit går det kvart år ein marsj kalla Lihest-klyvet.

Sjå på kartet om du lurer
på korleis du kjem deg hit.